20. mai 2007

Noko eg lurar på

For tida brukar eg og gubben fritida vår på å gå på visningar. Vi skal kjøpa kåk for første gong, og ikkje fordi vi VIL (hallo, det er Oslo!), men fordi vi MÅ. Vi har vore og sett på ganske så mange 3-roms og 4-roms-kåkar på Lambertseter, Bøler, Oppsal, Grorud, Holmlia og Romsås.

I dei aller fleste husværa bur seljaren framleis der. Han har berre rydda og vaska og stukke ut ein tur medan visninga går føre seg. Når vi står der og ser rundt oss i kåken prøver vi å finna ut kvar vi skal plassera alle tinga våre. Er det plass til sofaen, kjøkkenbordet, skrivepulten...og bokhyllene? spør vi oss. Sidan kåkane er møblerte, er det ikkje så vanskeleg å sjå føre seg kvar VI kan ha dei tilsvarande møblane våre. MEN det vi stussar over på kvar plass vi har vore på er at det ikkje finst BØKER/BOKHYLLER! Vi spør oss: er det eit salstriks å ikkje ha bøker i ein visningsleilegheit, dvs at seljaren har gøymt vekk alle bøkene? Dette verkar ikkje heilt realistisk når vi underøkjer kåken nærare. Vi ser nemleg inn i alle skåpa og i bodene, og der er det ingen bøker eller bokhyller. Etterkvart har eg blitt utruleg nyfiken på dette, og ser inn i kvar ein minste krik og krok, for å sjå om det gøymer seg ei bok. Det ser ikkje ut til at seljaren har køyrt vekk alle bøkene til visninga byrjar, heller. For det finst jo ingen spor etter bokyller! Når vi hintande seier til meglaren at vi prøver å sjå føre oss kvar bokhyllene våre skal stå, spør han/ho gjerne om vi er glade i å lesa. Njaaa, vi arbeider i forlag, så vi får så mange bøker, seier vi...Men er fem Billy-hyller frå Ikea så mykje, eigentleg? Dette er alle bøkene vi har med oss frå kvar vår kant, og det er ikkje berre bøker, men permar med diverse papir og ting vi samlar på (unødvendige ting), fotoalbum...og vi (i alle fall eg) er flinke til å kvitta oss med bøker vi ikkje gidd å lesa.

Viss det er slik at bøkene er fjerna med vilje: kvifor er dei det? Viss det blir fleire visningar, og eg enno ikkje har funne ut kva dette er eit teikn på, skal eg spørja meglaren om kvar det har blitt av alle bøkene.

PS Det hender det står nokre peikebøker og barnebiblar i dei husværa der det er eit barnerom, men det er INGEN SPOR av bøker for vaksne.