24. juli 2007

Milepæl

I dag meldte eg og gubben oss inn i Smart Club! Dette er definitivt den nye yndlingsen. Smart Club ser ut som eit forstørra Domus (den gongen det eksisterte), berre at det gode merke der (som er billige!). Aldri har vi vel vore på ein og same plass og fylt handlevogna med så mange ulike varer:

1 stk lett og perfekt allværsjakke (Columbia)
1 stk fotoalbum
1 flaske glutenfritt øl (Smart Club = den glutenfrie himmelen)
2 pakkar glutenfri havregryn
2 flasker Palmolive flytande handsåpe (umogleg å kjøpa berre ei flaske)
1 flaske Redken shampo (kostar ca ein million hjå frisøren)
1 flaske Redken balsam (kostar òg ein million hjå frisøren)
2 stk Stormberg fleece-jakker (vi kjøpte IKKJE i same farge, altså)
1 stk ullundertøy-trøye med høg hals
1 bok: Østmarka
1 stk king size-tannkremtube
1 boks tomatbønner
1 gigapakke spekeskinke
1 stk turkopp
1 flaske Lerum-saft med eple&pæresmak
8 dorullar (i ein pakke, altså)
1 pose salte krispy-snacks

Vi var på nippet til å kjøpa vaskemaskin òg, men heldt oss i skinnet.

18. juli 2007

Frå arkivet 1

Eg har lege med sår hals og høyrt på regnet utanfor, og då har eg hatt tid til å grava i arkivet. Denne gongen har eg funne nokre skrivebøker som det står Ragnhild 2. klasse utanpå. I ei av desse bøkene fann eg denne godbiten (skrive med sirleg lykkjeskrift):

Det var ei mor som hadde ein flokk med ungar. Ein dag skulle gutane vere heime åleine. Då sa ein tå gutane: Skal vi lage eggedosis? Ja, det ville alle. Men kvar er egga? Alle såg seg i rundt. Der er dei, sa Ivar. Dei ligg i eit spann. Eg vil prøve å få ned eit egg, sa Lars. Ver varsam! sa Trond. Men brått datt egget ned. Det datt sunt. No renn det ut eggekvite, sa Bosse. La katta vår få sleike opp. Jamen ein katt likar ikkje eggekvite, sa lars. Jau, det likar ho, sa Ivar. Jamen katta er ute. Då kom mor. Då mor fekk sjå at gutane hadde sølt egg, måtte mor gi gutane straff.

Dette er truleg ei oppgåve der eg skulle skriva av ei historie som mangla nokre ord. Eg har nemleg streka under nokre av orda (dei med dobbelt konsonant), og det er nok fasiten. Læraren var i alle fall nøgd:


Av og til blir eg faktisk overraska over at det vart folk av oss.

14. juli 2007

Reprise

Eg har hatt vondt i halsen dritlenge no. Ok, eg veit at eg er hypokonder, men til slutt orka eg ikkje meir, og for til legen her i heimbygda mi. Det er sommarferie, og eg gidd ikkje å gå slik lenger. Doktrane her heime er kjende for å vera heilt udugelege, så eg hadde mobilisert ganske mykje opposisjon før timen. Eg var budd på å stilla legen kritiske spørsmål viss han ikkje tok meg på alvor, sånn i tilfelle det skulle vera halsbyll eller noko anna farleg eg leid av.

Legen ber meg opna kjeften og ser nedi svelget mitt, snur seg mot pcen og seier "du skal ha penicillin". "Eh...SER du det?" spør eg. Han mumlar noko om at det er kvitt baki svelget og at det er typisk ved bakterieåtak. Jippi, endeleg kan kanskje halsen min bli bra att, tenkjer eg. Tre minutt seinare går eg ut med penicillin i handa. Og gradvis kjem skepsisen min snikande...FOR: det er umogleg å SJÅ om det er virus eller bakteriar som plagar halsen min (og penicillin tek berre knekken på bakteriar)! Det finn ein berre ut ved å ta ei prøve av hudlaget baki svelget og analysera det. Legen GJETTA rett og slett at det var bakteriar som var problemet! Ååå, kvifor greidde eg ikkje å vera meir kritisk der inne på kontoret??!! Grrr...eg gir likevel legen ein sjanse og byrjar på kuren med ein gong.

Etter tre dagar med tullkur har eg framleis vondt i halsen. Og eg seier til meg sjølv at NESTE gong eg går til lege, uansett kvar, SKAL eg vera meir kritisk. Om det vil skje? Neppe. (I mellomtida har eg sikkert blitt resistent mot penicillin.)