25. november 2008

Dagens ungdom

Smart Club på laurdag
Gut bak kassa driv og slår inn varer, stoppar opp ved den eine vara og spør kunden:
– Hva er dette?
– Ingefærrot, svarar kunden.

I dag på Meny på Oppsalsenteret
Jente bak kassa driv og slår inn varer, stoppar opp ved den eine vara og spør kunden:
– Dette er en squash, ikke sant?
– Nei, det er en avocado, svarar kunden.

Kva tyder dette? Eg er sjokka! Eg trudde urbane ungdommar anno 2008 hadde peiling på alle slags eksotiske matvarer som finst i butikkane? Til og med på ultravesle Mjosundet Mat sel dei ingefærrot og avocado!

15. november 2008

November

Slik kjenner eg meg i november:
Trøytt, matt og i koma av å gå inntulla i lag på lag med ull gjennom dei mørke novemberdagane. Eg skal faktisk strikka meg ein hals, men ikkje ein så stor ein som denne.

Biletet er frå bladet Damernas värld, som eg kjøpte berre fordi det lokka meg med framsideteksten om at bladet inneheldt 45 sider om økologisk mote, mat og skönhet, og fordi Narvesen hadde 25 prosent avslag på utanlandske blad. Har aldri kjøpt bladet før, men eg vart positivt overraska. Det slår definitivt mange norske moteblad som stort sett har lite tekst og uinteressante bilete. Biletet av madammen over, derimot, trefte i alle fall meg.

13. november 2008

Hurra for b-dagen!

I dag feira eg b-dagen. Eg kom på arbeid mellom 09.30 og 10.00 (men var ikkje så veldig utkvilt pga. årstida, og måtte sova ein time i kveld).

Verda går sanneleg framover! Som b-menneske er det veldig kjekt å sjå at det no er oppretta ein organisasjon for rettane til b-menneske, B-samfunnet. Dei har laga ein kjempefin nettstad der dei m.a skriv: B-samfunnet er en organisasjon som kjemper for å tilrettelegge samfunnet for individuelle søvnvaner. Dette støttar eg. Folk som ikkje greier å stå opp kl.07.00 og som kjem på arbeid etter kl.09.00, kan lett bli sedde på som late. Men det har inkje med latskap å gjera, noko B-samfunnet skriv mykje lurt om. Det er på tide å ta på alvor at folk har ulik tidsrytme! Sjekk den supre nettstaden her.

11. november 2008

Det beste garnet

Det går treigt med ekorngenseren ... det er så utruleg ekkelt å strikka med babyulla frå Dalegarn! Garnet er er alt for glatt, det sklir på pinnane (eg burde sikkert ha brukt bambuspinnar) ... noko som fører til at eg strikkar alt for laust. Det som skulle bli storleik 6 md., må eg gjera om til 1.5 år! Prøver å stramma til når eg strikkar, men då får eg vondt der eg ein gong hadde senebetennelse. Så kva gjer ein? Jau, strikkar med Askeladden-garnet frå Nøstebarn! Eg har no strikka denne fine jakka med garnet:
Eg digga å hekla den turkise kanten rundt, slik at eg kunne løyna dei stygge kantane. Og knappane vart jo veldig fine: Eg elskar å strikka med dette garnet! Det er så fint og laust å strikka med, det går som ein draum. Og garnet finst i mange fine fargar. Eg vurderer å strikka ein tunika til meg sjølv, men sidan det er eit rimeleg stort prosjekt, kjem eg berre til å strikka små, fine plagg framover. Og så strikkar eg på ekorngenseren innimellom ...