25. november 2009

Korleis sprita opp tomatsuppa

Eg er glad i suppe. Men for at eg skal bli mett, må eg alltid ha masse stæsj oppi suppa. Oppsprita tomatsuppe har blitt ein stor favoritt i heimen her den siste tida.

Aller først: det aller, aller beste utgangspunktet for å laga tomatsuppe på, finn du i denne posen. Når du kjøper denne, har du tomatsuppe lenge. Du tek berre så mykje pulver som du treng. Pulveret inneheld verken gluten, mjølk, soya eller egg og er dermed perfekt for mange slags allergikarar. Og det beste av alt: Suppa gir ein mykje fyldigare smak enn dei små tomatsuppeposane gjer.

Uansett: Oppskrifta er superenkel. Når pulveret og vatnet har hamna i kasserollen, er det berre å ha oppi det du måtte ynskja av dette (ta det du finn i kjøleskåpet – perfekt for å bli kvitt restar): 
  • gulrøtter
  • kålrot
  • sjampinjong
  • kylling- og kalkunpølse
  • selleri
  • pasta
  • brokkoli
(Det som treng kortast koketid, ventar du sjølvsagt med til slutt.)

Her ser du dagens resultat:


Dersom du ser godt etter, kan du sjå ein annan stor favoritt for tida: bokstavpasta! Eg ser i alle fall fleire bokstavar. Denne pastaen er perfekt fordi han treng så kort koketid. Og så er det mykje kjekkare å eta når det er bokstavar i maten.

Vi brukar alltid å laga ein stor suppeporsjon, slik at vi kan varma opp restar seinare. Suppa smakar nemleg minst like godt dagen etter.

23. november 2009

Julegåveproduksjonen er i gang!



Dette byrja eg å strikka på i kveld, og det går unna! Eg strikkar med dobbel tråd Mandarin petit, og det er kanskje mogleg å sjå kva det skal bli, men det er ikkje mogleg å sjå kven som skal få gåva:-)

7. november 2009

Ein ny favoritt!

Eg har aldri funne ein frisør som eg er 100 prosent nøgd med. Difor går det lang tid mellom kvar hårklipp. Eg har opplevd det meste:
  • dei som er mest opptekne av å høyra si eiga røyst (og som i tillegg snakkar om emne eg ikkje interesserer meg for)
  • dei som ler falskt og har falskt smil
  • dei som er så überkule at eg kjenner meg som ei 50 år gammal dame
  • dei som eg er redde for skal klippa av meg øyro eller andre kroppsdelar
  • dei som stiller ekstremt mange spørsmål utan å eigentleg høyra på kva eg svarar
  • dei som luktar røyk
  • dei som brukar ekstremt lang tid
  • dei som berre klipper 1 cm når eg har sagt 5 cm (men som likevel brukar laaang tid)
  • dei som ikkje greier å gi hårtips utan å prøva å prakka på meg tusenvis av produkt som eg ikkje er interessert i
  • dei som serverer bedriten kaffi
  • dei som prøver å prakka på meg ny timeavtale når seansen er over
Men i dag har eg funne Den Perfekte Frisøren! Eg er så glad!!! Trude på Balanzera i Sofienberggata oppfyller ingen av kriteria over. Ho brukar økologiske produkt, noko som jo er grunn nok i seg sjølv til å gå dit. I tillegg får du beroligande musikk over høgtalarane (inkludert fuglekvitring), tilbod om ryggmassasje når håret blir vaska, ho høyrer på hårynskja dine, ho gir gode og fornuftige råd og tips, ho driv ikkje og prakkar på deg produkt, ho tilbyr fotbad, hovudmassasje, te/kaffi (teen eg fekk, var fantastisk god), eple, ho stiller ikkje fullt av spørsmål, ho er effektiv, ho er dyktig med saksa ... Og som om ikkje det var nok: Ho skriv nynorsk på nettstaden sin! Sjølv om det er litt rusten nynorsk, blir eg berre imponert, altså. Her er det intensjonen som tel! Nynorsk i næringslivet er ikkje akkurat utbreidd. Så dette er ein frisør som tenkjer medvite gjennom alt ho gjer, og som ikkje er ute etter å følgja straumen, verken når det gjeld trendar eller andre ting. Noko som er eksakt etter mitt hjarte. Så om du bur i Oslo, veit du kvar du bør klippa deg neste gong. Du kan bestilla time over nettsida og kryssa av for det du vil ha. Du kjem ikkje til å angra.

Ah, ein perfekt laurdag.