27. april 2010

Pannekakehuset i Bærums verk

Med jamne mellomrom reiser eg og mannen til Pannekakehuset i Bærums verk for å eta pannjkak. Dette er kanskje ikkje pannekaker som nordmenn er vande med, for her får du pannekaker med all slags fyllmasse – alt frå kylling til chili con carne. I Nederland er desse pannekakene tradisjonell kost. Det er nederlendarar som driv staden, så pannekakene er i dei tryggaste hender. I helga kjøpte vi begge "Den flyvende hollender", og denne pannekaka består av sprøsteikt bacon, skinke, paprika, ferske sjampinjongar og lauk. Og prikken over i-en, som alltid: sirup! Kombinasjonen av det salte fyllet og den søte sirupen er heilt himmelsk! Noko som var nytt på menyen sidan sist vi var der, var at du fekk ei lita skål med salat til å tømma over pannekaka. Det tykte eg var heilt overflødig. Tomaten smakte ikkje godt saman med sirupen. Men så veit eg det til ein annan gong.

Pannekaka er diger og tjukk og mettar skikkeleg, så det er aldri plass til dessertpannekake etterpå. Eg skulle veldig gjerne ha testa ut dessertpannekakene òg, særleg pannekaka med mangosorbet. Nam.

Det beste av alt med Pannekakehuset, i tillegg til at pannekakene er kjempegode, er at dei lagar både glutenfrie, eggefrie og mjølkefrie pannekaker, for dei som ikkje toler ein eller fleire av desse ingrediensane.

No skal det seiast at eg har laga pannekaker a la Pannekakehuset heime, og at dei smakar minst like godt som Pannekakehuset sine. Forskjellen er at eg steikjer mange tynne pannekaker i staden for ei tjukk ei, og at eg steikjer fyllmassa for seg sjølv, slik at alle kan forsyna seg av dette som dei vil. Men altså: Bur du i nærleiken av Bærums verk: besøk Pannekakehuset! Det er eit must for alle som har ungar, i alle fall! (Dei har ein artig barnemeny). Gå hit og studer den spanande menyen!

25. april 2010

Loppefangst

I helga var vi på ein loppemarknad med berre barneutstyr, nærare sagt på Hebekk kvinne- og familielags bruktmarked (i Ski).

Det var mildt sagt særs mange folk der, og det var særs mykje ting og tang å få tak i. Gløtta litt på brukte barnevogner, men det var ingen som fall heilt i smak. Men vi fann dette fantastiske dynetrekket:

... til 10 kr! Dersom det ikkje passar til dyna (som enno ikkje er kjøpt inn), skal eg sy noko fint av det.

Og så fann vi desse utruleg søte (og ubrukte) sandalane (storleik 20) til 50 kr:

Og desse fine Ecco-skoa (storleik 23) til 40 kr:

Kjøpte også ein ubrukt body frå H&M til 10 kr, men han gløymde eg å ta bilete av.

Vi er framleis på jakt etter brukt barnevogn (helst Emmaljunga), men trur vi skal leita på Finn.no i staden. Eller nokon som har andre tips til andre stader ein kan leita?

17. april 2010

Endeleg!

Hennig Olsen har kome ein heilt ny is – med glutenfri kjeks! Eg har sakna å kjøpa meg småis med kjeks som eg toler, så dette var verkeleg gode nyhende. Kjeksen er laga av maismjøl, og sjølv om det er ein smule smør på flesk å skriva "glutenfri maiskjeks" utanpå innpakninga, er det likevel fint at dei skriv tydeleg at kjeksen er glutenfri.

Eg testa ut isen i kveld, og han smakte utruleg godt! Smaken minner litt om Smash-sjokoladen (som eg elskar) – her er det både saltsmak og søtsmak i ein herleg miks. Midt inne i iskremen er det karamell, og det er karamellen som gir saltsmaken, trur eg.
Det er også diggbart at isen inneheld så mykje sjokolade, både på toppen og i botnen. Eg tilrår alle å testa ut denne isen!

14. april 2010

Bygdøysafari

Eg er så heldig at eg har ein jobb som inneber mykje fri på dagtid, noko som passar meg heilt perfekt. Særleg no når sola er her! I går var eg på rusletur på Bygdøy saman søte Bjørnar og mammaen hans. Eg synest det er utruleg moro å reisa på oppdagingsferd til stader i Oslo der eg sjeldan oppheld meg. Og Bygdøy er eit område av byen som eg nesten ikkje har vore i, så det var eit interessant sosialantropologisk studium å rusla rundt mellom dei gigantiske villaene og ambassadane og sjå på livet.

Vi starta med å eta lunsj og drikka sur kaffi på Folkemuseet før vi planla kvar vi skulle gå. Bjørnar fekk sjølvsagt også lov til å uttala seg. Det er denne boka han blar i.

Bjørnar veit å kle seg. Denne superfine strikkagenseren har eg tenkt å prøva meg på, sjølv om eg ikkje har oppskrifta. Eg trur det er mogleg å bruka ei genseroppskrift frå Nøstebarn-boka og justera litt på henne. Fargane var skikkeleg stilige saman, og eg har garnnøste i alle fargane, så eg har lyst til å strikka ein kliss lik genser.

Nokon interesserte? Adressa er Huk Aveny. Eg veit ikkje om eg tykkjer ColorLine er så veldig bra utsikt, men ... I alle fall ikkje til den prisen. Vi kan skimta huset som er til sals.

Når ein skal om bord i seglbåten sin ein tur, er det enkelt å parkera Porsche-en like ved. Ein skulle kanskje tru at eg sette det på spissen no, men slik er det faktisk på Bygdøy. Vi rusla herifrå til Huk, og langs vegen var det gigantiske villaer på alle kantar (handverkarar klatra opp og ned og her og der for å shaina opp vegger og tak), og fancy bilar glei forbi oss. Eg mistenkjer at vi blei tekne for å vera au-pairar på trilletur.
Vel framme ved Huk fekk vi oss ei overrasking. Folk BADA! Og ikkje nok med det: Dette er jo ei nudiststrand, og det var faktisk fleire nakne folk der som sprada rundt. Sjølv har eg aldri vore på nudiststrand før, så eg blei litt sett ut av alle dei bluferdige folka. Ja, eg stakk unna kameraet då vi nærma oss. Uansett var det fantastisk sjøutsikt, og det var dig å setja seg ned og ta ein pust i bakken før vi tok bussen attende til sentrum.

10. april 2010

I mål med ministrikk

Så kom eg i mål med denne. Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men dette er den minste jakka eg har strikka nokon gong (storleik nyfødd):

Oppskrifta er frå "Hansemanns hentesett" i Brukt på nytt. Har tenkt at han i magen skal få jakka når han skal ut på sin første tur i juli. Er litt spent på om ho blir for varm ... Men heldigvis er jakka veldig tøyeleg, sidan det er to rett og to vrang, så eg trur det er mogleg å bruka henne ei stund utover hausten.
Eg streva litt med raglanfellinga til å byrja med. Eg har ikkje strikka raglan på to rett og to vrang-prosjekt før, men etter kvart forstod eg opplegget. Elles var det vanvittig mange trådar å festa til slutt, så då passa det godt at det var påskekrimtider.

Og så er eg nøgd med at eg fekk brukt nokre av dei fine sukkertøy-knappane mine!

6. april 2010

Fram med fromasjen!

Berre ordet i seg sjølv smakar godt å ha i munnen: fromaaaaaasj! Og ja, fromasj smakar verkeleg godt. Diverre har eg inntrykk av at dette er ein dessert som ikkje så mange lagar lenger. Eg lurar på om det heng saman med dalande interesse for gelatinen. Gelatin finn vi jo også i den upopulære kabareten. (Eg tykkjer kabaret er kjempegodt, i alle fall dersom han er laga av gode råvarer.) Ikkje veit eg. Eg vil berre slå eit slag for fromasjen.

For den med liten kjennskap til fromasj, kan denne vesle Wikipedia-snutten vera klårgjerande:

Fromasj er en dessert av krem som er stivnet med gelatin. En fromasj kan ha forskjellig smak etter hva som er puttet i den. For å få en appelsinfromasj er det nødvendig å ha appelsin i fromasjen. For å få en sjokoladefromasj må man ha oppi smeltet sjokolade i fromasjen. For å få en vellykket fromasj, er det nødvendig å kunne bruke gelatinen riktig.

Lat oss lista opp fordelane med denne velsmakande desserten: 
  • Du kan laga fromasj med akkurat den smaken du vil, alt etter kva du likar, alt etter kva du har, og sjølvsagt alt etter kva årstid det er: jordbær, bringebær, sitron (ein favoritt!), appelsin (også ein favoritt!), mango, solbær, blåbær ...
  • Det einaste du treng i tillegg til smaken, er gelatin, vatn, egg, sukker og kremfløyte
  • Konsistensen på fromasj er fantastisk! Skikkeleg fluffy og fin! 
  • Fromasj smakar friskt/syrleg (i alle fall dersom du vel ei frukt og ikkje sjokolade som smak)
  • Fromasj får fantastisk farge uansett kva du har oppi
  • Fromasj passar godt saman med frukt, vaflar, kjeks, bollar ... ein fleksibel dessert, altså (men samstundes: Ein treng ikkje eitt einaste tilbehør – retten står godt på eigne bein)
  • Fromasj står seg fint i kjøleskåpet nokre dagar, så det er ikkje farleg om det blir restar
  • Fromasj er enkelt å laga (sjølv om det kan høyrast vanskeleg ut når Wikipedia-artikkelen seier at det er viktig å bruka gelatinen riktig)
  • Viss du serverer fromasj i eit selskap, får du garantert overraska og glade gjester
I påska åt eg appelsinfromasj:
Og her er oppskrift på appelsinfromasj, for den som vil prøva seg. (Det var ikkje akkurat denne oppskrifta mamma brukte, men det er vel rimeleg likt.)

3. april 2010

Biletkavalkade: nordmørspåske

Det brenn i kinna etter at eg har vore nokre timar ute i sola. Og slik har det stort sett vore heilt sidan eg kom til Mjosundet på påskeferie. Og eg klagar ikkje!

På veg til Bugasætra. Det var ikkje noko særleg å gå i våt snø, så eg har berre gått éin gong.

Eg føretrekkjer å gå på tørr asfalt. Her ser vi barndomsheimen til pappa. 
Og mamma som skal levera hermetikk til attvinning.

Dette er uvanleg mykje snø til å vera så seint på året. Heldigvis har pappa brøytt veg.

Appelsin på tur.

 Typisk syn på bygda: nedlagd skule. Nærare sagt Giset skule. Eg hadde ikkje vore der på år og dag då vi gjekk oss ein tur dit, og det var skikkeleg snålt å vera der att. Her gjekk eg på barneskulen (1982–1988). Eg trur skulen blei nedlagd tidleg på 90-talet. Utedoen til høgre blei nedlagd endå tidlegare. Vi kalla doen for skottet, og eg hugsar det m.a. blei brukt til kyss, klapp og klem. 

Utsikta frå skulen kan ein ikkje klaga på. Her ser vi Mjosundet og Mjosundbrua. 
Og garden som bestemor mi var frå. 

Bakels (eller vaflar, som somme seier) er obligatorisk når eg er heime på ferie.

Det er også obligatorisk at eitt eller anna skal feirast med kake når eg er heime. Denne gongen var det 40-årsdagen til gubben som var grunn til kakebakinga.

Modern times. 

 Byfolk som prøver fisken (blei ikkje napp).

Byfolk som les avisa i sola.

Det er meldt sol og finvêr framover, vi skal vera her i endå nokre dagar til, og eg er i gang med nytt strikkeprosjekt! Jippi!

1. april 2010

Hakka jakke?


Dette er meg i djup konsentrasjon i 1977, 1.5 år gammal.


2010: 
Jakka eg hadde på meg for 33 år sidan er i perfekt stand! Eg gler meg til å ta henne i bruk. Det er besta som har hakka jakka. Mamma trur i alle fall at jakka er hakka og ikkje hekla. Eg har aldri prøvd hakking før – er det nokon som har? – og som greier å sjå om jakka er hakka eller hekla? Etter å ha googla litt rundt tykkjer eg ikkje dette ser ut som hakking, men det er kanskje mogleg å hakka på ulike måtar? Eg skjønar i alle fall at hakking er noko eg bør læra meg!