17. april 2011

Påskegult sjal

Litt tilfeldig at påska er her akkurat i det eg er ferdig med dette prosjektet, men. I går festa eg dei siste trådane, og i dag var det heldigvis sur nok vind til at eg kunne testa det ut for første gong, nemleg det nystrikka sjalet mitt. Oppskrifta er superenkel og er frå fine Pickles her. Det er strikka med dobbelt garn, der det eine garnet er fluffy silk mohair, og det andre mjuk merinoull. Du kan sjå nysta separat her. Eg diggar konsistensen som oppstår når ein blandar to slike garntypar. Det blir så godt og mjukt og varmt kring øyro. (Og ja, det blei litt heitt å ha på sjalet i dag.)
Her er eg i vinden på Ekebergsletta i dag og ser stolt ned på den fagre sonen min som elska det nye sjalet like mykje som meg. Han ville helst eta på det, då.

Blei truleg første og siste gongen eg brukte det denne vintersesongen. Men eg kan i alle fall gå ein ny vinter blidt i møte når eg kan pakka meg inn i dette fine gule!

5 kommentarer:

Gagn sa...

Så fint!! Farge og alt. Eg trur eg har 40 sjal/skjerf i kommoden i gangen. Får aldri nok av slikt...

Ragnhild sa...

Takk! Eg også er ein sjal- og skjerffrik;-)

Rosa+epler sa...

Så fint sjal
og så
fint bilde.

Elisabeth

Torunn sa...

Kjempeflott sjal og eit fint bilete! Ha ei fin veke. Takk for tipset om lakrisis,- trur eg må prøve å finne den til mannen min som elskar lakris. ;)

Ragnhild sa...

Takk, Elisabeth og Torunn!:-)