3. mai 2011

Det er ikkje eitt feitt

Eg elskar kaffi. Men det var ikkje før eg var i USA i 2007 at eg oppdaga at eg i årevis hadde drukke gamal kaffi. Då fekk eg nemleg smaka FERSK kaffi, dvs. kaffi som var laga av ferskbrende bønner. Kaffien både luktar, smakar og ser heilt annleis ut enn gamal kaffi. Kaffi er ferskvare, noko vi nordmenn ikkje er så vande med å tenkja.

Heldigvis er det mogleg å kjøpa fersk kaffi i Noreg etter kvart, men ein kan også kjøpa over nettet. Her ser vi yndlingskaffien min:

Det er French roast frå Peet´s coffee and tea (kjøpt i USA). Kaffien er mørkbrend, og mørkbrend kaffi har ei oljete overflate fordi feittet tyt ut når han blir brend. Ein blir skikkeleg feittete på fingrane av å ta på bønnene. Det er synd biletet ikkje kan formidla lukt, for bønnene luktar utruleg intenst.

Bønnene sette spor, som vi ser, etter at eg tømde dei ut av koppen:


Slurp!

2 kommentarer:

Heidi / I'm with Leia sa...

Ja det er viktig med god kaffe - vi er mest til mellombrent kaffe som vi kverner selv - da smaker det jo best :)

Ragnhild sa...

Eg tykkjer eigentleg all kaffi - lysbrend, mellombrend og mørkbrend - er god, berre han er fersk. Og ja, ein må kverna sjølv, det blir aller best!