6. november 2011

Fortet naturbarnehage

Sukk, altså. Dersom vi hadde budd i Nittedal, og dersom Tryggve hadde vore stor nok (dvs. over 3 år), ville vi definitivt ha likt at han gjekk i denne barnehagen:
Hæ? Ja, dette er barnehagen! Skogen! Vi var på utflukt der i dag fordi vi var på besøk hos venner som bur like ved, og som har hatt ungane sine der. Dette er ein heilt unik barnehage på alle måtar. Det er rett og slett ein heilt annan måte å tenkja barnehage på enn det vi er vande med. 
Det som er heilt fantastisk, er at ungane er ute heile tida!!! Året rundt! Det er ikkje innlagt vatn eller straum der (men dei har eit aggragat som gir lys om vinteren), og det er utedo. Dei to eldsjelene som driv barnehagen, har bygt alt sjølv! Ungane et ute også. Om vinteren et dei innandørs i varmestova til høgre på biletet, eller i denne gammen:
Dei har også ein utandørs grill dei kan sitja rundt og eta (vi skimtar benkene til høgre).

Det er ingen gjerde rundt barnehagen, men ungane lærer seg kvar grensene går: ved steinen der borte, busken der borte og treet der borte ... Tryggve forstod ikkje heilt kvar grensene gjekk, men.

Her ser vi små leikehus/rom dei har bygt. Med himmelen som tak! Tryggve var på hogget, som vanleg.

Ungane er med og mekkar dei også. Dei hadde f.eks. vore med og bygd ei superfin bru (som eg ikkje tok bilete av, diverre). Eg likar at aktivitetane utfordrar førestillingane til oss vaksne om kva som er farleg og passande å gjera for små ungar. (Dei eldste ungane spikkar sin eigen tollekniv, til og med!)

Her er ein fin artikkel om barnehagen som gir eit lite innblikk i korleis dei tenkjer. Dette er oppvekstvilkår eg har stor sans for. Eg veit at dersom eg hadde vore i riktig aldersgruppe, ville eg ha elska og gått i denne barnehagen. (Eller barneskogen, for å vera meir presis.) Og det er eit kvalitetsteikn, for å seia det mildt.

2 kommentarer:

Marit sa...

Oi! Det så skikkelig fint ut!

Tarjei Vågstøl sa...

Skikkeleg fint. Det er ein barnehage eg jommen hadde likt at ungane mine gjekk i, men eg er slett ikkje sikker på at ungane mine hadde likt det like bra.

Kanskje om dei fekk byrja som eittåringar, men når dei er tre+, trur eg dei har lært å setja pris på livet (og vortne stovegrisar, som far sin).