28. juni 2012

Terningkast 6: Alt som er

Alt som er av Brit Bildøen kom ut i 2004 (Samlaget), og eg kjøpte boka på supersal for nokre år sidan. Då hadde eg ikkje høyrt om boka før. Men for ei bok! Eg likar særs godt skrivemåten til Bildøen. Ho skriv så poetisk, eller kva eg skal kalla det. I staden for å skildra eit hus rett fram (eit hus står sentralt i boka), skildrar ho det som om det er eit levande menneske. Døme på både vakker tekst og vakkert omslag:
 
Huset, det store, gamle tømmerhuset, stod og lente seg mot vegen. Det såg ikkje på dei med vindaugsauga sine, men heldt dei vidt oppsperra i alle retningar, som for å passe på at ingen la merke til kva det heldt på med. Og det lente seg. Sakte, men sikkert strekte huset seg mot vegen der ute, vegen som kunne skimtast mellom trea, bak syrinhekken. Det rista lett, det var som om ei skjelving gjekk gjennom huset frå grunnmuren og opp til pipa. Til og med bakken begynte å dirre, koppar og kaffiskåler klirra svakt på hagebordet, og det gjekk an å høyre ei forpint knaking frå dei gamle tømmerstokkane. Og huset tøygde seg. Det strekte seg så langt materialet kunne tillate, og litt til. Eit lite stykke nærare vegen kom huset, før det gav opp og seig på plass att med eit lydlaust sukk. Om litt såg det igjen på dei med det vande, uttrykkslause blikket. 

Denne måten å skriva på går som ein raud tråd gjennom boka, og eg diggar det! Skildringane gir så fine bilete! Det er umogleg å skumma gjennom avsnitt som det over. Det hende eg faktisk las skildringane fleire gonger, så fine var dei. Og det er ikkje typisk meg når eg les ei skjønnlitterær bok. 

Men i alle fall: Boka handlar om ei slekt, men først og fremst om Mariann og Endre. Det er ei kjærleikshistorie. Eller fleire kjærleikshistorier. Eg seier ikkje meir enn det. Les boka!

4. juni 2012

Terningkast 6: Elin og Hans

Vi er komne til den andre boka i serien Terningkast 6.


Elin og Hans av Trude Marstein (Forlaget Oktober) var ei overraskande bra bok. Eg hadde ingen forventningar om boka, for eg kjøpte henne litt tilfeldig på sal ein gong, trur eg. Eg har lese bøker av Marstein før, og dette er den beste eg har lese av henne.

Boka handlar om Elin og Hans, men Elin er død. Hans tenkjer tilbake på samlivet deira. I starten av boka veit vi ikkje kvifor Elin har døydd, eller korleis dei har hatt det saman, men etter kvart kjem det fram meir og meir, og gjennom mange frampeik om kva som har skjedd, blir handlinga driven framover. Det ligg ei uhyggjeleg stemning og kviler over boka, tykkjer eg. Det var fleire gonger etter å ha gått av t-banen (eg les på t-banen) at eg ikkje greidde å rista av meg stemninga i boka. Og tru meg: Det skal mykje til før eg blir så gripen av bøker. Suverent!

Eg spør meg: Kvifor er ikkje denne boka meir kjend? Eller er det berre eg som ikkje er heilt oppdatert? Les!

1. juni 2012

Terningkast 6: Mellom oss sagt

Dei einaste gongene eg har tid til å lesa for tida, er på t-banen på veg til og frå jobb. På den måten har eg kome meg gjennom tre bøker i vår. Og alle bøkene var så bra, så eg må tipsa om dei. Aller først: Eg er ikkje enkel å gjera til lags når det gjeld bøker. Eg blir fort rastlaus og lei når eg les (same om det er bøker, blad eller aviser, eigentleg). Det skal mykje til før eg blir fenga og gløymer tid og stad. Men med desse bøkene var det full klaff, og dei tre forfattarane bør endå meir opp og fram i lyset enn dei er, dei skriv så braaa! Så her kjem innlegg nr. 1 i serien Terningkast 6:

Mellom oss sagt av Marit Eikemo (Samlaget) er debutromanen hennar, og ho skal eg definitivt lesa meir av! Boka handlar om Regine. Ho bur i Bergen og arbeider på Aetat (dette er før NAV). Ho bur åleine og kjenner seg ganske einsam, og det går ganske så dårleg på mange område i livet. Likevel er ikkje boka berre supertrist. Ho inneheld ein fin miks av alvor og humor, ho er både trist og lett på same tid. Frå forlagets omtale av boka:

Mellom oss sagt er ei vittig og skarp, tragisk og sår skildring av venskap og einsemd, om suget etter å høyre til – og om fellesskapets klaustrofobi. Med nittitalet som nært bakteppe, handlar romanen om strevet med å finne seg ein plass i dagens Norge.

Kanskje ein bagatell, men eg diggar bokomslaget! Les, les!

Andre bøker av Marit Eikemo finn du her.